“Hits” frå Hallingdal ut til folket!

Kvartetten Firil med Margit Myhr i spissen platedebuterte våren 2013 med albumet “Smile i sumarsole”. Samarbeidet starta etter ein felles spelejobb i Kina i 2009, og dei har sidan jobba mot dette albumet. Hallingdal har ein rik og spanande vokaltradisjon som til no ikkje har vorte mykje utfordra i arrangert form, og dette vil Firil gjere noko med! Margit er kjent fra m.a Kvedarkvintetten, har med seg musikarar kjente frå band som Sver, Nordic Fiddlers Bloc og Rydvall/Mjelva.  

Margit Myhr - vokal, hardingfele
Olav Mjelva - hardingfele
Anders Hall - bratsj
Adam Johansson - gitar