Etter debuten med spellemannsnominerte «Lukkeleg Vaking» i 2006 kom den allsidige og aktive trioen ut med tre album til dei neste fem åra. Dei laga famlileforestillinga og plata «Den kvite hjorten» saman med Helge Jordal, heldt konsertar og gav ut plata  «Live in Førde» saman med den polske klezmertrioen Kroke før den førebels seiste utgjevinga «Moder Norge» såg dagens ljos i 2011. I tillegg til samarbeid, forestillingar og plateinnspelingar, turnerte Tindra i heile landet samt m.a. India, Sri Lanka, Georgia, Belgia og Sudan.

 Det er altså lenge sidan førre gong me presenterte Tindra på Riksscenen, men no er dei attende, så det er endeleg høve til å høyre hits som «Lasseskaren» og «Lukkeleg Vaking» på konsert att, noko me veit vil glede mange!

Irene Tillung – trekkspel/vokal 
Åshild Vetrhus – vokal
Jorun Marie Kvernberg – feler/vokal

 

Husvarm
Hver sesong setter Riksscenen følgespoten på  viktige og toneangivende artister. Vår intensjon er å la dem vise seg fram fra nye og uventede sider, men også gjerne ta opp igjen prosjekter som flere burde ha fått med seg. Irene Tillung er Husvarm på Riksscenen i høst!