Saksofonisten Tore Brunborg sine detaljrike og kraftfulle tonar møter akkordeonisten Irene Tillung sitt vitale spel. Samspelet er varmt og energisk på samme tid, det skapar rom for sinnsro og ettertanke men er óg ope for det meir spontane og leikne. Brunborg er ein av landets mest ettertrakta saksofonistar, og har samarbeida med m.a. Manu Katche, Arild Andersen og Tord Gustavsen i tillegg til sine faste grupper Masqualero, Moment og Oslo 13. Tillung har røter innan klassisk- og samtidsmusikk, men har etter studietida via meir tid til folkemusikken. Seinare studerte ho filmmusikk, og jobbar no som komponist og utøvande musikar. Ho har turnert med Tindra, MAAR, Boreas, Eli Storbekken og med sitt eige timannsensemble Ti på Taket. 

Duoen hadde sin fyrste konsert sommaren 2019 på Voss, der dei begge er oppvaksne. Deira første møte kom likevel ikkje før dagen før konserten, og samspelet sat med det samme. Journalist Nils Kvamsdal i avisa Hordaland hadde dette å melde: 

"...det var ein intens nerve i musikken frå fyrste tone. Ein intensitet som aldri let seg gjenskapa, som er der og då." 

 

Irene Tillung - akkordeon
Tore Brunborg - saksofon