Plateaktuelle Thov Wetterhus frå Nore i Numedal har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger sidan 2007! Det energiske eggande spelet til Numedølen har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar og dommarar dei seinaste åra, og debutplata hans “Stålslått” (2021) vart nyleg nominert til Folkelarmprisen.

 

“Denne utgivelsen er utvilsomt blant de aller beste platene med tradisjonelt solospill på munnharpe som er gitt ut her i landet” - Bjørn Aksdal, bladet Folkemusikk

I forkant av konserten med Huun-Huur-Tu vert det no høve til å høyre ein full solokonsert med den viritouse karen på Riksscenen.

 

Thov Wetterhus - munnharpe