OsloFolk inviterar til jam, buskspel og dans etter konserten - ta med hornet og ein kompis!
The Rheingans Sisters lagar leiken, kraftfull og moderne musikk som er djupt forankra i britiske folkemusikktradisjoner. Dei to systrene, og multiinstrumentalistane, Rowan og Anna Rheingans vaks opp i ein særs musikalsk familie med felespelande mor og felemakar til far. Duoen har gjeve ut fire plater så langt med “Receiver” frå 2020 som siste skot på stamma så langt. Dei har motteke mykje åtgaum frå presse og publikum samt mengder av nominasjonar og prisar for musikken sin.
“quite simply extraordinary” - fRoots magazine
Sidan begge systrene også har bruka mykje tid på å studere felemusikk i Sverige og Noreg, trekkjer dei inn ei lang rekkje påverknader, både frå nord- og søreuropeiske feletradisjonar, inn i musikken sin. I løpet av dei siste åra har Rowan og Anna turnert mykje over heile Storbritannia og internasjonalt, og no står Noreg for tur.
Anna Rheingans - fele, vokal m.m.
Rowan Rheingans - fele, vokal m.m.