Olav Luksengård Mjelva trakterer både fele og hardingfele på aller øvste nivå, noko topplasseringar på landskappleikar i begge klassene er prov på. Med tradisjonane frå både Hallingdal og Røros i årene er det duka for særs groovy slåttespel.

Anders Hall er svensk og spelar fele.

Leif Ingvar Ranøien frå Røros er ein av dei aller beste på torader her i landet. I mellom tunge økter med benkpress og markløft har han øvd i åresvis på det rare, vesle trekkspelet som ser enda mindre ut på han enn andre toraderspelemenn.

Jens Linell er ein viritous på tamburin. Med feedback frå gitarforsterkar og melodisk trykk på skinnet til instrumentet framførast springleikar og anna slåttemusikk ispedd store mengder improvisasjon.

Adam Johansson er svensk og ein framifrå habil gitarist.

 

Olav Luksengård Mjelva – fele,hardingfele, Anders Hall – fele, bratsj, Leif Ingvar Ranøien – torader, Adam Johansson – gitar, Jens Linell – trommer, tamburin & gammel koffert