SULHEIM/BRIMI/ODDE - PLATESLIPP!

Eit møte mellom tre av Noregs fremste spelemenn, som kjem frå ei uvanleg musikalsk fjellbygd. Lom ligg ved foten av Jotunheimen, og her har det i generasjonar levd spelemenn som har sett djupe spor. I 2016 gav trioen ut albumet Atterljomen, som tok utgangspunktet i ein av desse spelemennene: Sjugurd Garmo (1896–1991). Albumet hausta svært gode kritikkar og fekk mellom anna Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel. I haust gjev dei ut eit nytt album, denne gongen med utgangspunkt i slåttekomposisjonar av fleire spelemenn frå Lom. Aslak Brimi, Astrid Sulheim og Bjørn Kåre Odde presenterer materialet ved å utnytte instrumenteringa fullt ut. Bratsjen og felene varierer med alt frå enkle samspelformer som bygger opp melodien, til meir intrikate stemmer og harmoniar som gjev slåtten ei heilt ny drakt.


Astrid Sulheim – fele
Bjørn Kåre Odde – fele
Aslak Brimi – fele

 

ASLAK BRIMI / KNUT ANDERS VESTAD

Aslak Brimi har i samarbeid med Rolv Brimi og Knut Anders Vestad arbeidd med brurmarsjar frå Ottadalen. Det er det både dei gode gamle tradisjonelle marsjane, samt alle nyskrevne marsjane dei har funne frå repertoaret i Ottadalen. Resultatet er to notehefter og ein CD.  

Det er eitt notehefte - I morgo ska du få gifte de’ - med alle marsjane i Ottadalen, og det andre  - Det er så fagert i fylgja gå - er eit notehefte med ti utvalgte marsjar arrangert for orgel og fele. Desse arrangementa og meir til har Aslak Brimi og Knut Anders Vestad spelt inn på plate. Dei kjem til Riksscenen denne kvelden for å presenteres prosjektet sitt.

Aslak Brimi - fele
Knut Anders Vestad - trøorgel, piano