Ei jente vaknar opp på ei øy, langt frå land. Ho er heilt aleine og aner ikkje kvar ho er. Men i den nye situasjonen er det berre ein ting å gjere: starte på nytt og gjere det beste utav det. Jenta må bygge seg hus, sanke mat og overleve. Sjølv om øya er folketom, treffer jenta stadig fleire dyr ho blir kjent med. Nokre av dei er skumle, andre snille. Og snart er ho ikkje lenger einsam. Men klarer ho å gløyme kvar ho kom frå, og heller leve eit fullverdig eventyrliv her ute?
Dette er ein produksjon som passar godt for alle born opp til rundt 10 år, og foreldre og kor mykje du veit om alle dei rare dyra som finst ute på denne aude øya.
Kanskje du kan kle deg ut som eit dyr? Velkomen ned i dyreriket.

Johanne Flottorp – hardingfele og song
Sigrid Stubsveen – fele og song