Strengeplukk er eit norsk bluegrassband som spelar eigne låter med tekstar på dialekt og fengande instrumentalar - ispedd uttrykk frå både norsk folkemusikk og meir moderne sjangrar som rock/pop/indie. Det blei starta i Stavanger i 2015 og består av musikarar frå Sogn, Nordfjord, Stavanger og Oslo. 

Bandet nådde sitt foreløpige karrierehøgdepunkt hausten 2021 då dei spelte i fleire av landets største konserthus som band for Judy Collins og Jonas Fjeld på deira turné med billboard-suksessen “Winter Stories”. I november 2020 slapp gruppa sitt andre album "Nyslått blågras" - kun på vinyl. Ut av pandemien satser gruppa på mest mulig livespeling og våren 2022 slepp dei òg ny musikk.

 

Andreas Barsnes Onarheim  – mandolin, vokal
Jakob Folke Ossum – gitar, vokal
Nikolai Storevik – fele,vokal
Thorbjørn André Bilstad Olsen – banjo, vokal
Vidar Starheimsæter – double bass, vokal