Bak navnet Strathspey Queens finn me duoen Alice Allen og Patsy Reid. Grunnen til navnevalget er at dei to, 100 år etter at James Scott Skinner spelte inn plata “The Strathspey King”, gav ut sin eigen versjon av materialet på den legendariske plata frå 1922. Den plata vart sjølvsagt titulert “The Strathspey Queens”.

Med kvar sin “first class honours degree” på CV´n kjem dei to tospråklege skotske spelekvinnene med bagasjen full av erfaring og kunnskap om skotsk folkemusikk frå nordaust. Dei vekslar sømlaust mellom strathspeys, reels og airs, alt gjennomsyra av den skotske feletradisjonen.

Det er lite kjend at James Scott Skinner starta si musikalske karriere ved å kompe dansemusikk på cello. Alice Allen nikkar anerkjennande til dei publiserte basslinjene han nytta, samstundes som ho blandar og konstrasterer dei med sine eigne, og tilfører musikken meir levande, perkussiv og moderne stil. 

Patsy Reid frå Dundee er den yngste vinnaren av det prestisjetunge Glenfiddich Fiddle Championship nokonsinne. Ho er kjend frå gruppa Breabach, som ho lenge var medlem av, og har jobba med musikarar som Mark Knopfler, Flook, Brian Finnegan og mange mange fleire.

 

Patsy Reid - fele
Alice Allen - cello