Stillelåten var tradisjonelt knytt til det som må ha vore ei høgtidsstund prega av ettertanke, alvor, vemod, spenning, framtidsvon og eksistensielle tankar om livet og kjærleiken: Musikk framført medan brura vart pynta – då skulle alle som såg på vere heilt stille.

I denne konserten er det inga brur som skal pyntast, men Alander, Stuhaug og Nilssen vil med instrumenta og musikken sin skape stemningar som kan kalle fram noko av det same kjenslespekteret.

Malin Alander – vokal, Ingrid Schei Stuhaug – fele, hardingfele, Ole Nilssen – trekkspel, torader