Vi avsluttar sesongen med ei framsyning av sjølvaste Jon Fosse. Spelejenta er eit eventyr om ei synsk, felespelande jente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med. Spelejenta er ei magisk, vakker og underfundig forteljing for ung og gammal, formidla gjennom musikk, dans og skodespel av Anne Heidi og Sivert. Anne Heidi er dansar, songar og skodespelar og Sivert Holmen er utøvande og skapande musikar på hardingfele, og dei er båe frå Valdres.  

Av: Jon Fosse
Regi: Silje Onstad Hålien
Utøvere: Anne Heidi Kvam Hillestad, Sivert Holmen