To uredde musikarar som er virtuosar på sine instrument, solide tradisjonsbærarar og dagsaktuelle artistar.
Berit Opheim frå Voss har lang fartstid som solist med orkestre som jazz-/ folkemusikkgruppa Orleysa, Bergen Domkantori, samtidssensemblet BIT20 og Utla. I 2004 imponerte ho heile Norge som Månefruva i Rikskonsertane si oppsetting av Tryllefløyta i folkemusikkversjon.
Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord vart kåra til årets folkemusikar 2010, og har sidan debutalbumet Taus i 2008, som forøvrig fekk spelemannsprisen, reist landet rundt som både felespelar, songar og artist med m.a Linda Eide. Ho speler i gruppene Fjøgl, Spindel og Gamaltnymalt.
Med felles vestlandsblod har dei båe teke musikken sin på eigne vegar, dei kjenner både godt til Ole Bull Akademiet og er representanter for folkemusikksjangeren i dei vide musikkretsar.
Ola E. Bøe, mannen med den trygge stemma, tek oss med inn i artistanes verd bakom musikken.