Publikum har framleis til gode å høyre dette meisterverket live etter utgjevinga, men etter over fire års venting, vert det endeleg høve til å høyre “Bønn”, “Postmann”, “Smal-Hans” og dei andre perlene i det mørke, dystopiske og til tider klaustrofobiske universet dei røynde karane tek oss med inn i. 

 

Før var det lyst, nå er det mørkt
Der det grodde er det knusktørt

 

Sesongens Husvarm Anders Erik Røine og Daniel Sandén Warg er blant folkemusikkens aller fremste utøvarar og formidlarar, og når dei i tillegg toppar laget med perkusjon- og trommeguru Erland Dahlen, borgar dette for ein kveld der alle bør halde av nokre sider i minnebøkene.

 

Anders Erik Røine - fele, gitar, langeleik, munnharpe, vokal
Daniel Sandén Warg - hardingfele, fele, moraharpe, munnharpe, vokal
Erland Dahlen - trommer, perkusjon