Det blir dansefest på Riksscenen når Visdals Kvintett, Peispusten, Alfs, Polka med Støyt, Vågå Trekkspillklubb og Sofienberg Spelemannslag m.fl spelar opp til dans!

Det skal sveittast og dansast både i salane oppe og nede i seks timar når nokon av dei beste, og ikkje minst nokre av dei mest legendariske gamaldansgruppene i landet sparkar i gang taktfast frå scenene på Riksscenen. Golva på Riksscenen er sagt å vera blant dei aller beste dansegolva i landet, kanskje den aller beste, og denne kvelden skal alle danseglade finne ut om det stemmer. På menyen står den legendariske gruppa Visdals Kvintett frå Vågå, Lom og Sør-Fron, ei gruppe som gav seg på slutten av 90-talet etter å ha dominert landsfestivalar og dansefestar rundt overalt i godt over ti år. For dei som likar meir toraderbasert runddans kjem sjølvaste Peispusten til hovudstaden. Alfs stemmer i med sine særs dansbare tolkningar av Prøysen og frå vest kjem Polka med Støyt med hardingfele og piano. I tillegg kjem det spelemannslag og trekkspelgrupper samt overraskingar.Puss danseskorne, finn fram gnagsårplaster og ta turen til Riksscenen på dansefest, og kan du ikkje danse gamaldans frå før er ikkje det noko problem – det vert arrangert krasjkurs for alle som ynskjer å lære grunntrinna i dei mest bruka dansane på Riksscenen tidlegare på ettermiddagen, så her kan alle delta!