Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både “hits” og uoppdaga låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt. Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa
forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått a capella.
Sjølv om kontrastane er store, ligg det heile tida ein raud tråd i historiane bak. Gjennom fleire turar til Agder har Raabygg lært
nokre av dei beste slåttane, og ikkje minst fått høyre dei artigaste historiene. Det er desse dei plukkar fram når dei står på konsertscena.
Raabygg har nyleg gått i studio for å spele inn favorittslåttane. Debutalbumet kjem ut hausten 2016.

Johanne Flottorp - Hardingfele, vokal
Tuva Færden - Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – Harpeleik, vokal, munnharpe