Billettinformasjon.
Kursa er gratis og opne for alle.
Folkemusikken og forteljingane og Fyrispel og Festkonserten krev eigne billettar, men ein kan óg kjøpe billett for heile dagen.
Billett til ein eller fleire av konsertane gjev fri inngang til dansefesten. Om ein kun vil på dansefest må ein tinge eigen billett 100 + bill.  avg.
Se konsertoppslagene for kjøp av billetter!


14.00 - Kurs i jølstraspringar og parhalling - gratis
Med utøvarar frå Indre Sunnfjord spelemannslag som kurshaldarar. Her er alle, både unge og gamle, erfarne dansarar og nybyrjarar velkomne!

 

14.00 - Kurs i Sigmund-slåttar på hardingfele - gratis
Kurs i slåttar kreert av sjølvaste Sigmund Eikås. Kurset krev at du har forkunnskapar på hardingfele og at du har med deg eiga fele.

16.00 - Folkemusikken og forteljingane
Forfattar Marianne Clementine Håheim har skrive biografiske forteljingar om slåttekjeldene til felespelar Britt Pernille Frøholm. I ei lyrisk og utforskande form får vi sjå dei gamle kjeldene stige fram frå skuggane og svart-kvitt-bileta, og bli menneske vi kan forstå, kjenne oss nær og kjenne oss att i. Forestillinga vart først vist på Førdefestivalen 2021.

18.00 - Fyrispel med Gro Marie Svidal
Gro Marie Svidal er vaksen opp i Jølster i Sunnfjord og hadde i mange år Sigmund Eikås som læremeister og mentor. I kveldens fyrispel vil ho invitere alle inn i den rike     hardingfeletradisjonen frå regionen.

 

20.00 - Festkonsert: Sigmund Eikås 75 år! + dansefest
Sigmund Eikås har vore aktiv spelemann og slåtteskapar i ei årrekke. Han står blant     anna bak eit 30-tals komposisjonar og har vore læremeister for ein heil generasjon spelemenn og -kvinner, både i Sunnfjord og andre stader. I år har Sigmund fylt 75 år og det kan vi ikkje la oss forbigå utan ein fest og hyllest!  På denne festkonserten vil du få møte blant andre Indre Sunnfjord Spelemannslag, Sunnfjord juniorspelemannslag, Honndalstausene, Gro Marie Svidal, Britt Pernille Frøholm, Joar Skorpen og Vidar Underseth - kanskje kjem det også nokon fleire overraskingar utover kvelden. Programleiar for kvelden er Sigmund sin mangeårige ven og medspelemann Arne Sølvberg.

 

22.00 - Dansefest
Indre Sunnfjord Spelemannslag, Honndalstausene og andre utøvarar frå festkonserten spelar opp til dans utover kvelden. Her vert det alt frå stødig springarspel til gode gamle reinlendarslagarar!