To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng. 

Til Byen det berer. Eg lyfter på Hatt. God dag Hovudstaden: i deg er det best: der finn eg dei Beste, der lærer eg mest.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste. 

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

 

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Daniel Herskedal (Lars Andreas Haug - haust 2020): tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn