MYLLAREN

I denne fyrste av tre konsertar med Per Anders Buen Garnås vert me presentert og betre kjend med kanskje den aller mest kjende spelemannen på hardingfele gjennom tidene; Torgeir Augundsson, betre kjend som Myllarguten.

Myllarguten vart fødd i Sauherad, truleg hausten 1801, men flytta etterkvart til Arabygdi i Vinje. Han vart gjennom spel i gjestebod og andre tilstelningar ei stjerne blant spelemennene i Telemark, noko som resulterte i at rykta nådde Ole Bull som tok han med seg og heldt den vidkjende konserten i Gamle Losjen, Christiania 1849.

Denne konserten er vigd livet til Myllarguten, på godt og vondt, ført i penn, tale og hardingfele av Per Anders Buen Garnås.

Per Anders Buen Garnås - hardingfele

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.

Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Riksscenen desse dagane. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabelaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre  konsertane  Myllaren, Gibøen og Fykerud´n får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.

Per Anders Buen Garnås - hardingfele, manus
Ola E. Bø - scenisk tilrettelegging
 

Husvarm
Hver sesong setter Riksscenen følgespoten på  viktige og toneangivende artister. Vår intensjon er å la dem vise seg fram fra nye og uventede sider, men også gjerne ta opp igjen prosjekter som flere burde ha fått med seg. Per Anders Buen Garnås er Husvarm på Riksscenen i høst!