GIBØEN

I den andre av tre konsertar med Per Anders Buen Garnås er det Håvard Gibøen sitt liv og virke som skal under lupen til Per Anders. 

 

Ja, Havår e’ nok mester åt kånn elle.  Myllarguten

 

Håvard Gibøen (1809-1873) var frå Møsstrond i øvre Telemark, ei fjellbygd uppunder Hardangervidda. I motsetning til Myllarguten, som han også spelte med og lærte av, var han ikkje så oppteken av nyskaping, men var meir nøye på å halde formene og tonaliteten slik han hadde lært dei. Spelet og formene etter Gibøen lever enno gjennom linja til Knut Dahle frå Tinn, som er kjelda til Edvard Griegs opus 72, og borneborna Johannes og Gunnar. 

 

Vel møtt til eit dykk i spelemannslivet til storspelemannen Håvard Gibøen.

 

Per Anders Buen Garnås - hardingfele, manus
Ola E. Bø - scenisk tilrettelegging

 

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå, og lete seg inspirere, av mange gode spelemenn som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen opp i gjennom åra. Han har vunne Landskappleiken i A-klassa på hardingfele fire gonger, seinast i 2018, og har fleire CD-utgjevingar bak seg, både soloplater og som medverkande musikar. For desse har han vunne Folkelarm-prisen to gongar, og vore nominert til Spellemannprisen heile tre gonger.

Det er med andre ord ein av dei mest markante og ettertrakta spelemennene i landet seiste 20 år som kjem til Riksscenen desse dagane. Han er for mange mest kjend som spelemann, men mange i folkemusikkretsar er også klar over hans fabalaktige formidlingsevne og talegåver. Gjennom dei tre  konsertane  Myllaren, Gibøen og Fykerud´n får me møte både spelemannen, formidlaren og forteljaren Per Anders, og som bonus får me ein historieleksjon om tre av dei største kjeldene for slåttespel me har hatt her i landet.

 

Husvarm
Hver sesong setter Riksscenen følgespoten på  viktige og toneangivende artister. Vår intensjon er å la dem vise seg fram fra nye og uventede sider, men også gjerne ta opp igjen prosjekter som flere burde ha fått med seg. Per Anders Buen Garnås er Husvarm på Riksscenen i høst!