Vel møtt til poesikonsert der ordet og tonen står i sentrum. Konserten byter mellom solo hardingfelespel og diktlesing, krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjera. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet, i vid forstand.
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss og vart under Folkelarm no i november kåra til “Årets folkemusiker”! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gongar, har vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemannprisen tre gongar.
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene” i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.