Her på Riksscenen sparkar me i gang med full dansefest etter halvanna år utan fysisk kontakt i september! Me trur og vonar det vert høve til å danse for alle, så me har gammaldans av beste merke frå Trøndelag samt bygdedans frå Røros, Telemark og Valdres på kveldens meny. 

P.A. Røstads Orkester er ein institusjon innan runddansmusikken i Noreg. Orkesteret starta opp på 70-talet med orkesterleiar Petter Andreas Røstad senior på trekkspel og den legendariske spelemannen Hilmar Aleksandersen på fele. Dagens versjon er under leiing av barnebarnet Petter Andreas Røstad medan Torfinn Hofstad har teke plassen til Hilmar av naturlege årsaker. Orkesteret vann Landsfestivalen to år på rad, i 1999 og 2000, og vann NRKs Kappspell i 2003. Dei mottok også Folkelarmprisen 2011 for deira siste CD “Fjellfiolen”, og har etter den tid turnert i USA og delteke på festivaler rundt om i Norden.

 

Petter A. Røstad – trekkspill, Dag Ståle Larsen – trekkspill, Torfinn Hofstad - fele, Bjørn Arild Aksnes – kontrabass, Villy A. Kvernmo – gitar

 

Anne Hytta frå Sauland i Telemark, busett i Oslo, er prisløna hardingfelespelar og komponist som arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskrive musikk. Ho spelar slåttar frå Telemark, med fundamentet i repertoaret frå Løndalspelet i Tuddal. Som frilansande musikar er ho involvert i ei rekke ulike prosjekt, frå mellomaldermusikk til improvisasjonsmusikk, frå solo til større ensemble.

 

John Ole Morken frå Ålen har traktert fele og gitar sidan han var liten og ung trønder. Han er ein av dei i sin generasjon som tek musikken, og då særleg polsen, frå Rørosdistriktet opp og fram for folket. Som spelemann og forskar er han alltid på jakt etter nye, gjerne ukjende, variantar av slåttemusikken og melder sjølv om at han trivst best når han kjenner kontakten med dansarar eller publikum på golvet framføre seg. 

 

Jan Beitohaugen Granli frå Øystre Slidre er landets fremste formidlar av felespel frå Valdres, og er av mange reikna som landets beste dansespelemann! Han har vunne landskappleiken seks gonger i tidsrommet 2002 til 2017, er fem gonger vinnar av Fanitulltevlinga på Ål og mottakar av Øyvind Bergs Minnepris. Jan har gjeve ut to kritikerroste album, «Lite Nemmar» i 2003 og «På Beitohaugen» i 2010 og serverer valdresspringar av ypperste merkje for alle danseglade denne kvelden.