Gjennom harpesong, sylvarspel og gåtefulle klangar fylgjer me Veslemøy frå kvardaglivet heime på garden, gjennom myrke og ljose draumar, og opp på fjellet i møte med Jon.
I orkestreringa av verket har Øyonn nytta av det rike tilfanget instrument som Garborg nemner i Haugtussa. ​​
Øyonn sin Haugtussa er utan samanlikning den mest omfattande Haugtussa-songsyklusen som er skapt, nesten to timar langt. 

Verket vert framført som dilogi og andre del kjem på Rikscenen til hausten. 

 Tekst: Arne Garborg (1894–95) 
Musikk: Øyonn Groven Myhren (2018–22)

Øyonn Groven Myhren – song, harpeinstrument, bassleik, seljefløyte
Rasmus Kjorstad – langleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele
Tomas Nilsson – hakkebrett, bjeller, klokkespel, blåhauginstrument