I denne Songsalongen kan du lene deg fram eller attende – høyre på, eller vera med å synge sjølv, i lag med Marit Karlberg som har funne fram nokre godbitar ho vil dele med deg. Me håpar mange vil nytte høve til å vera med, kanskje blir det starten på eit kvedarkor dette?
Du vil også få høyre ein smakebit frå det nye trioprosjektet Treak med Ingrid Lingaas Fossum, Ingeborg Onstad og Marit Karlberg.
Frå Songsalongen går me rett opp i storsalen for å høyre på konsert med Aurom og Trio Medieval.

Velkomen!