Margit Myhr er skodespelar, dansar og songar, og ein av våre fremste formidlarar av scenisk folkekunst. I denne forestillinga vil ho ta utgangspunkt i “sviveturen”, den mest minimalistiske og suggererande delen av folkedansen vår. Sviving er eit verkemiddel ein finn att i ulike former i nær sagt alle danseuttrykk verda over, frå klassisk ballett til sufidans og då ikkje minst i folkedansen. Kva er det som gjer at vi trekkast mot desse sirkulære rørslene? SVIV blir ei unik visuell oppleving der dans, kostyme, videokunst og musikk går saman i ein samhandlande heilskap.

Margit Myhr – dans, koreografi og idé, Erlend Apneseth – musikk og komposisjon, Stephan Meidell – musikk og komposisjon, Klara Sofie Ludvigsen – video, Fredrik Rysjedal – video, Jimmy Meurling – regi, Anna Wingård – kostyme, Ami Petersson Dregelid – dansekonsulent,Thorolf Thuestad - lyd, Ida Andersson - lys

 

SVIV er produsert av Margit Myhr og Riksscenen i samarbeid med SPRANG - Landsdelsscena for dans.
Produksjonen er støtta av Kulturrådet, Fond for utøvende kunstnere og Folkemusikksenteret i Buskerud.