Vi har invitert månedens artist Anders Røine til å ta med seg musikervener og lage ein heidundrande konsert, noko som resulterer i “Røines Kubein”. Anders har høyrt det tradisjonelle slåttespelet på hardingfele frå han var liten gut, men har hatt ei fundering over mange år: korleis kan eg spele slåtter med andre musikarar frå andre stilartar? Stemmespel og akkordharmoniar passer ikkje nødvendigvis på ein hardingfeleslått med sine krumspring og melodilinjer. I kveld har Anders invitert med musikarar som har groove og som er “ superflinke”, som kan plassere tonane der dei skal, slik at det funker til slåttemusikken. Det blir slåtter og slåttestev for band, eit band som er samansett av musikarar som ikkje let seg hemme av sjangergrenser, og som alle er distinkte, veletablerte artister. Den beste grooven finns i slåttepelet, og denne kvelden kjem garantert til å svinge! Anders Røine - gitar, munnharpe, hardingfele, langeleik Tuva Syvertsen - vokal, hardingfele, torader Audun Erlien - bass Martin Langli - perkusjon Aissa Tobi - vokal, fele, sintr, luthar, rebab m.m