Felespelar Lena Jonsson er ein av Skandinavias mest innflytelsesrike musikarar innan moderne folkemusikk. Ho hentar inspirasjon frå tradisjonell svensk folkemusikk og miksar det saman med element frå rock, pop, jazz, amerikansk oldtime og bluegrass.
Lena Jonsson voks opp folkemusikkmiljøet i Hälsingland og byrja å spela i band alt som elleveåring. Ho er utdanna ved Musikkhögskolan i Stockholm samt Berklee College of Music, og allereie i 2008 blei ho utnevnt til Riksspelman.
Lena Jonsson sitt debutalbum «Places» (2019) vart nominert til den svenske Spellemannprisen, Grammis, medan oppfølgjaren «Stories from the Outside» (2021) med Lena Jonsson Trio vann same prisen tidlegare i år. I 2021 vann dei også Manifestprisen.
I Lena Jonsson Trio flettast Lenas kraftfulle felespel og Kristofers drivande bass saman med Eriks varierte og responsive gitarspel til ein høgare eining. Gjer deg klar til ein strålande konsert prega av inderleg speleglede, humor, innleving og karisma!


Lena Jonsson – fele
Kristofer "Krydda" Sundström – bass & el. bass
Erik Ronström – gitar