Velkommen til ei heil helg dedikert til den levande songtradisjonen! Gjennom konsertar, samlingar og songkveldar løftar vi fram arva etter Agnes Buen Garnås, feirar nye stemmer, og samlar dei mest sentrale vokalgruppene i eit historisk kvedarkor. Her er noko av det du kan oppleve under Kvedarkraft:
Fredag 21. november kl. 20: ARVEN ETTER AGNES
Vi opnar helga med ei storslått hyllest til Agnes Buen Garnås, som gjekk bort i 2024. Noko av det fremste innan kveding og folkemusikk samlast for å minnast og feire arva hennar – både familien og ei rekkje sentrale utøvarar står på scena. Kvelden blir full av varme, klang og respekt for ei livslang innsats for folkemusikken.
Fredag 21. november kl. 22: KVEDARKRO
Etter konserten held vi fram med song og samvær i kjellaren! I samarbeid med Norsk kvedarforum inviterer vi til open kvedarkro – her er det låg terskel og høg stemning for alle som vil dele ein song, eit stev eller ei vise
Lørdag 22. november kl. 18: FYRISPEL: LANSERING AV FOLK SESSIONS VOKAL
Vi lanserer det nye talentprogrammet Folk Sessions Vokal i samarbeid med Furestiftelsen, Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB – og får høyre dei fire deltakarane i solistisk utfalding: Vera Sonne, Une Onarheim, Martin Steinum Brun og Synnøve Brøndbo Plassen. Alle er kjende frå sentrale band og prosjekt. Lyden av den nye kongevokalen!
Lørdag 22. november kl. 20: TIDENES KVEDARKOR
Kva skjer når ein samlar nesten heile det norske folkesongmiljøet på ei og same scene? I denne konserten møtest vokalgrupper som HEKATE, Kvedarkvintetten, Treak, Tostemt og fleire – både kvar for seg og saman i eit felles kvedarkor. Her får du oppleve korleis samsong i kvedartradisjonen kan lyde når røystene vert mange.
Lørdag 22. og søndag 23. november: UNGT SONGTREFF
I to dagar samlast unge kvedarar frå heile landet for å lære, utveksle og synge i lag. Gunnlaug Lien Myhr, Berit Opheim og Kari Lønnestad leier treffet – og gjev både innsikt og inspirasjon vidare til neste generasjon. Ungt Songtreff har allereie blitt ein viktig møteplass for unge folkesongarar – og no er det tredje året på rad.