Ein dag i 1993 var Kate Capshaw, kona til Steven Spielberg, på restaurant i Krakow i samband med at husbonden spelte inn Schindlers liste i byen. På den restauranten spela Kroke, ho tok med Steven, han lika det også og inviterte trioen til å spela på Survivors Reunion Ceremony i Jerusalem, ein tilstelning for dei attlevande på Schindlers liste.

Steven Spielberg sende kassetten deira til Peter Gabriel som i 1997 inviterte dei til WOMAD i England til stor åtgaum. Dette førte dei i studio saman med Peter Gabriel, og delar av innspelinga vart seinare nytta på plata “Long Walk Home”
Etter mykje merksemd, konsertar og prisar kopla dei seg så saman med Nigel Kennedy i 2001 og gjorde ein mengd konsertar og festivalar med han dei neste åra.

I 2006 spelte dei inn låta “The Secrets of The Life Tree” som likegodt vart med på soundtracket til filmen “Inland Empire” regissert av David Lynch.

Kroke held det framleis gåande, og har turnert verda rundt, no har de høve til å høyre den legendariske trioen på Riksscenen!

Tomasz Kukurba – viola
Jerzy Bawoł – trekkspel
Tomasz Lato – kontrabass