Kræsjkurset er gratis og du treng ikkje å kunne noko på førehand. Instruktørar er Oda Sofie J. Hernes og Eilif Nordaker. To unge og flinke dansarar som vil fokusere på reinlender, vals og polka på eit nivå alle kan vere med på. Musikar på kurset er Marius Westling.
Direkte etter kurset blir det pizzafest og jam for dei som har med instrument og så er det gratis inngang til dansefesten med Visdals og Nye Ringnesin.

Arrangementet er eit samarbeid med BLS Ung.