Knut Buen (hardingfele) og Håvard Svendsrud (trekkspill) har operert som duo på små og store scener sidan 2016 og endeleg er det festa på plate. I august 2021 lanserer duoen utgjevinga «Gagneglød» som inneheld, i fyrste rekkje, eigne lydarslåttar som dei to har komponert saman. Plata markerast med fleire lanseringskonserter rundt om i landet, den fyrste her på Riksscenen i Oslo.

Knut Buen er blant våre beste og høgst dekorerte spelemenn. Det kan nemnast at han vart slegen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999, har vunne Spellemannprisen to gonger og motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, m.a. Myllargutens gullmedalje 1979, Telemark fylkes kulturpris 1986, Lindemanprisen 1992, Rff-prisen i 1993, vart heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn 1998, mottok Hilmar Alexandersens musikkpris i 2007 og Gammlengprisen i 2008 og mykje meir.

Håvard Svendsrud er utdanna trekkspelar frå Barrat Due, og har vunne mange store tevlingar på instrumentet sitt, både nasjonalt og internasjonalt. Håvard har vore teatermusiker, folkemusiker og vore solist med orkester som m.a. Stavanger Symfoniorkester og Forsvarets Musikkorps. Han har gjeve ut ein mengd plater og er, som freelancer, ein av dei mest etterspurte trekkspelarane me har her til lands.

Vel møtt til plateslepp!

 

Knut Buen - hardingfele, Håvard Svendsrud - trekkspel