Instrumentmakar Magnar Storbækken gjekk tragisk nok bort i fjor, og med han forsvann ein sentral person i utvikling og bygging av folkemusikalske blåseinstrument ut av tida. I det høvet stiller eit stjernelag av musikarar, som fekk nyte godt av kunnskapene til Magnar gjennom instrumenta dei nyttar til musikken sin, og held konsert for å heidre og minnast den kjende og kjære karen frå Tolga.

Magnar Storbækken var nevø av den kjende Egil Storbekken (musiker og komponist), og lærte yrket av handverkaren Torgeir Granmo, ein handverkar som onkelen knytte til seg på 50-talet. Magnar vidareførte kunnskapene deira og utvida etterkvart verksemda til heiltid. Han har særleg bygd mykje lur, bukkehorn og seljefløyter, og han vidareutvikla ei mengde andre blåseinstrument som bl.a. meråkerklarinetten, østerdalsklarinetten og vollaklanetten.

Magnar Storbækken mottok ein mengd prisar, premiar og utmerkingar for arbeidet sitt gjennom åra, og ein stor skare musikarar har no mista sin faste leverandør av instrument på eit høgt profesjonelt nivå. Konserten “Klangen etter Magnar” er såleis ein hyllest til Magnar der musikarar frå heile landet deltek i ein storslått minnemarkering av instrumentmakaren i Bakkagata.

Hans Fredrik Jacobsen 
Eli Storbekken
Tone Hulbækmo
Bendik Smedåsgjelten Qvam
Eilif Gundersen
Jørn Simenstad
Einar Selvik
Karl Seglem
Hildegunn Øiseth
Frode Fjellheim
Jarle Vespestad
Medlemmer frå Norsk Lur- og bukkehornlag