Som eit ledd i å tilføre ny energi til den irske tradisjonelle musikkscenen, danna tre av Irlands beste instrumentalister ei ny supergruppe! Paddy Keenan, Frankie Gavin og Dermot Byrne har slege saman sine formidable musikalske talent til bandet KGB, eit band som såg dagens ljos under den prestisjetunge Celtic Connections i Glasgow 2018. Medlemmane i trioen tilhøyrer adelen innanfor irsk folkemusikk og har alle motteke mengder av prisar og utmerkingar for sitt virke innan irsk tradisjonsmusikk, både som soloutøvarar og som medlemmer av nokon av landets mest anerkjende band frå tidlig på 1970-tallet og heilt fram til i dag. Det er nok ein og annan som nikkar anerkjennande når navn som De Dannan, Bothy Band og Altán vert nevnt.

Paddy Keenan er ein av Irlands fremste utøvarar på fløyter og irsk sekkepipe. Han er kanskje best kjent som grunnleggjar av Bothy Band, eit av dei mest innflytelsesrike folkbanda på 1970-tallet, som han spelte med på arenaer verda over. Paddy er også ein dyktig fløytist og banjospelemann, og hans bidrag til  tradisjonell irsk musikk vart ettertrykkeleg markert i 2002 då han mottok prisen TG4 Gradam Ceoil Musician of the Year, som deles ut til musikalske helter i den moderne tid, og ikkje minst i 2011 då Irish Music Association heidra han med Lifetime Achievement Award.

 Frankie Gavin er ein av Irlands største felespillere nokonsinne. Navnet hans vert umiddelbart assosiert med gruppa De Dannan som også blei danna på 1970-tallet. Frankie er kreditert for å utvikle irsk tradisjonell musikk gjennom innovative valg av materiale, nyskapande arrangement kombinert med ein unik spelestil. Frankie har spelt og spelt inn alle tenkjelege musikksjangerar, frå rock´n roll med The Rolling Stones til jazz med Stephane Grappelli. Han har også gjort kunststykket å spela for fire amerikanske presidenter. I tillegg til å være en felespelar i verdsklasse, er Frankie også en fyrsteklasses fløytespelar.

Dermot Byrne er ein av Irlands fremste tradisjonelle toraderspelemenn. I mange år, som medlem av gruppa Altan, spelte han inn og gjorde omfattande turnering saman med artistar som Donal Lunny, Steve Cooney og Stephane Grapelli. Saman presenterte dei  venleiken og gleda ved tradisjonell irsk musikk til publikum over hele verda. Av andre samarbeid kan nevnast at han har opptrådt med Frankie Gavin, Sharon Shannon og The Stunning saman med mange andre fremragande irske og internasjonale musikerar. For sitt bidrag til irsk musikk mottok han Traditional Musician of the Year 2013 frå TG4.

Paddy Keenan – fløyter, sekkepipe, Frankie Gavin – fele, fløyter, Dermot Byrne – torader