OsloFOLK sitt konsept Dansekonsert har blitt ein populær tilvekst til programmet på Riksscenen, og som vanleg inviterast publikum til å høyre og danse til musikarar som er av dei aller beste. Sesongstart for OsloFOLK, våren 2015, vert markert med tre utøvarar me lenge har hatt i kikkerten i høve dansekonsertar, og endeleg klaffa det med kalendarar og offentlege transportmidlar. På vokal og langeleik frå Valdres kjem sjølvaste Marit Karlberg (Sudan Dudan m.m.), på toget frå Trondheim kjem rogalendingen Håvard Ims (Geitungen m.m) med toraderen sin og kveldens felespelar er ingen ringare enn Andreas Bjørkås (Nordafjells m.m.) frå fjellbygda Oppdal.Til saman utgjerd desse tre eminente musikarane eit lag som spenner over det meste av uttrykksformer med tradisjonskjensle og framføring av høgste kvalitet, og med stor variasjon frå eit breidt spekter av tradisjonsområde. Velkomne til bygdedans, runddans, og alt de elles måtte ville danse, til musikk frå frå Valdres, Rogaland, Oppdal og Gudbrandsdalen, framført av tre av landets fremste folkemusikkutøvarar. Dansekonserten er akustisk, men med solid takhøgde, så det er rom for både dansing, lytting og sosialisering på klubbscenen.
Velkomne til å danse sesongstarten inn på Riksscenen.

Håvard Ims - torader
Marit Karlberg - langeleik
Andreas Bjørkås - fele