Me avsluttar gudbrandsdalshelga med eit møte “Tett på” to av dei levande legendene frå dalføret, felespelaren Amund Bjørgen og trekkspelaren Jon Faukstad. Seist gong dei spela saman var når dei utgjorde 2/4 av Hans W. Brimi kvartett på 1980-talet, så det er ikkje daglegdags at dei to slår instrumenta sine saman.

 

Amund Bjørgen (f.1941) kjem frå spelemannsbygda Garmo i Lom og har fleire mannsaldrar som aktiv i det norske folkemusikkmiljøet. Han har vunne landskappleiken på fele heile sju gonger, noko berre sambygdingen Hans W. Brimi overgår med sine ti sigrar. Amund har medverka på ein mengd plateinnspelingar, med plata “Slåttemusikk frå Lom” som han gav ut saman med Bjørn Odde i 1993 som høgdepunkt så langt, ei plate som vart krona med spelemannprisen same år.
Jon Faukstad (f. 1944) frå Heidal er utdanna musikkpedagog frå Universitetet i Oslo, der han skreiv hovudfagsoppgåva “Einraderen i norsk folkemusikk”, og seinare ved musikkonservatoriet i København der han gjekk ut  i 1972. Same år vart Faukstad tilsett ved Noregs musikkhøgskole der han jobba som timelærar, førsteamanuensis og etterkvart professor heilt til han gjekk av med pensjon i 2012. Tradisjonsmusikken har spela ei vesentleg rolle i verksemda hans m.a. føre seg i eit 25 år langt samarbeid med felespelaren Hans W. Brimi og seinare år med fiolinisten Per Sæmund Bjørkum med plata “Norske drag - folkemusikk på akkordeon” som eit av høgdepunkta.

Det vert, som vanleg i serien “Tett på”, konsert med dei to og påfylgjande samtale med Ola E. Bø om havet, livet og folkemusikken.

Amund Bjørgen - fele
Jon Faukstad - trekkspel