Dette er semifinalistene:

 

Andrea Søgnen – langeleik
Langeleikspelet til Andrea har røter i Hallingdalstradisjonen. Dei seinare åra har ho i tillegg utvikla spelet til å og omfavne repertoar og spelestil frå både Valdres og Telemark.
Andrea er bachelorstudent på Universitetet i Sørøst-Norge der ho blant anna har utvikla interessa for å overføre låttar frå andre instrument til langeleiken. Andrea opplev at det er eit begrensa repertoar frå Hallingdal, og ho synes det difor er spanande og gøy å utvikle flere låtter tilpassa langeleiken. Andrea brenn for at meir material skal verta tilgjengeleg for langeleiken og for at fleire skal få augo opp for instrumentet. Draumen er å gje ut ei plate som skal innehalde ulike typar teknikkar og spelestilar og som forhåpentlegvis vil bidra til at fleire både vil høyre på, og ta i bruk låttane.

Eir Vatn Strøm – vokal, kraviklyre og live-elektronikk
Soloprosjektet til Eir er ein kobinasjon av låtskriving og arrangering av tradisjonelle tekstar og melodiar. Instrumentet hennar er ei samansetning av vokal, kraviklyre og live-elektronikk.
Eir har ein bachelorgrad i norsk folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole, og har og teke studiet «Live Electronics», der ho blant anna eksperimenterte med lys. Eir brenn for at musikken skal nå ut til alle typer publikum og har eit ønskje om å gjera folkemusikk like populært som popmusikk. Ho beskriv musikken sin som «minimalistisk og groove-basert» som hell mot elektronisk folkemusikk. Eir komponerar mykje av musikken sin sjølv, samtidig som ho finn inspirasjon i salmer og skillingsviser. Eir seier sjølv at tekstane hennar gjerne har eit nitrist innhald nettopp fordi ho let seg inspirere av salmar og skillingsviser.

Hans P Kjorstad – fele og vokal
Hans vaks opp i Gudbranddalen og ønskjer med solospelet sitt å presentere tradisjonelle slåttar og songar som han har med seg frå oppveksten. Hans har lært mykje frå ulike kjelder både gjennom opptak og direkte frå ulike utøvarar. Hans freistar å forme musikken sin til ein kombinasjon av slik det var gjort før han, og slik han sjølv tykjer det let best. Hans spelar mest fele, men han er heller ikkje framand for å syngje eller spele harmonium. Sjølv om Hans i ei årrekkje har spelt i mange ulike samspelprosjektprosjekt så arbeider han mykje med å utvikle solospelet sitt. Han ønskjer å nå ut til publikum med sitt slåttespel og tradisjonelle kveding, noko han meiner kan treffe alle slags publikum.

Malin Alander – vokal
Malin interesserar seg spesielt for det frie, tidlause og ornamentrike uttrykket ein finn i samlar og bånsullar. Malin vil jobbe meir med å utforske materiale frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn framover. Det musikalske uttrykket hennar som folkesongar vil ho beskrive som sårt, dynamisk og dramatisk. Malin freistar å bruke heile kroppen i tillegg til stemma når ho syng. Sjølve songane held ho gjerne tradisjonelle, men ho leikar seg ofte med improvisasjonar og komposisjonar der ho let seg inspirere av stemninga, teksten eller melodien i songen. Malin har eit ønskje om å jobbe breidt, både lokalt og nasjonalt, i tida som kjem. Ho brenn for å formidle tradisjonen sin til ulike publikum.

Synnøve Brønnbo Plassen – vokal
Synnøve var innom fleire sjangarar før ho til slutt fann attende til sine røter innan folkemusikken. Synnøve, som kjem frå Folldal, har fordjupa seg mest innnan musikken frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag. Synnøve er oppteken av ulike måtar å bruke stemma si på, og sjølv om folkemusikken og songen står henne nærast, ønskjer ho og å utfordre seg sjølv på andre felt. I tillegg til å være folkesongar spelar ho og gitar og lyre. Synnøve lagar mykje musikk sjølv, både innan tradisjonelle former, men og meir vise-inspirert musikk. Målet til Synnøve er å kunne arbeide som folkesonger her i Noreg, men og å kunne reise rundt i verden for å få nye impulsar frå musikare i andre krokar av verda.

Trygve Liahagen – fele
Trygve vart tidleg oppslukt av gruppa Majorstuen, og korleis dei sette følelsar i sving utan ord, men gjennom musikken, stilen og kroppsspråket sitt. Dette fekk han til å ønskje å halde på med folkemusikk sjølv.

Musikken vert stadig ein større del av livet til Trygve, og no som han er student ved NMH, har han tid og moglegheit til å utvikle seg vidare. Samtidig som Trygve vil dyrke folkemusikken, ønskjer han og å utforske og blande stilelement frå andre sjangrar for å freiste å skape eit nytt, unikt uttrykk. Kort og godt ønskjer han å få folk til å føle noko, og han vil setje spor hjå lyttaren. Trygve vil arbeide for å dyrke og videreformidle folkemusikken, og til tillegg samarbeide med musikare på tvers av sjangre.

 

Tidlegare vinnarar av Intro Folk er Sigrid Stubsveen (2020), Ole Nilssen (2018), Odde & Holmen (2015), Erlend Viken (2012), Kim André Rysstad (2009), Benedicte Maurseth (2007) og Majorstuen (2005).