Til Kultur- og likestillingsdepartementet
v/statsråd Lubna Jaffery
INNSPEL TIL STATSBUDSJETTET FOR 2027
Nytt fag- og katalogsystem for folkemusikkarkiva i Noreg
Vi har hatt fleire møter og treffpunkt med politisk leiing i KUD om situasjonen for folkemusikkarkiva. Vi har ei von om at dette kanskje kan løyse seg allereie i 2026. Men dersom det ikkje gjer det så vonar vi at det blir prioritert på budsjettet for 2027.
Saken handlar om at den folkemusikalske arven vår må vere forsvarleg lagra, og han må vere så tilgjengeleg som mogleg for dei som ynskjer å nytte seg av han. Eit nasjonalt fagsystem for arkivering må på plass! Dette må initierast av staten gjennom nasjonalbiblioteket. Det trengs også eit felles digitalt publiseringssystem for folkemusikkarkiva, slik at innhaldet blir lett tilgjengeleg for potensielle brukarar.
KONKRET TILTAK PÅ STATSBUDSJETTET FOR 2027:
- Nasjonalbiblioteket får ansvaret for utvikling av eit nytt fagsystem for arkiva, og at det blir sett av inntil 5 millionar kroner til NB for å særskilt tilpasse deler systemet for folkemusikkarkiva, samt 2 millionar i årleg drift av systemet.
Utvide Riksscenens lokalar med møteplass på gateplan
Riksscenen har eit nasjonalt ansvar som møteplass for folkemusikk, joik og folkedans. I dag skjer store delar av den faglege og sosiale aktiviteten i lukka saler, medan publikumsareal på gateplan står tomme og utilgjengelege. Dette svekkjer synlegheita og tilgangen til eit felt som i aukande grad når breie og mangfaldige publikum. Riksscenen ønskjer difor å ta i bruk Popsenteret sitt tidlegare butikklokale til ein open folkehub – ein fast, utadrett møteplass for tradisjonsutøvarar, organisasjonar, studentar, minoritetsmiljø og publikum, også utanom arrangement. Når kommunen no trekkjer seg ut av lokala, ligg det føre ei tidsavgrensa moglegheit til å sikre gateplanet til kulturlivet. Vi ber departementet bidra til langsiktige rammer som gjer det mogleg å utvide Riksscenen sine lokale og styrkje den nasjonale møteplassfunksjonen til beste for heile feltet.
KONKRET TILTAK PÅ STATSBUDSJETTET FOR 2027:
- Riksscenen blir innvilga 1,5 millionar kroner i auka driftstilskot frå 2027. Reforhandling og forlenging av leigekontrakten kan medverke til reduserte årlege leigekostnader for KUD, også ved ei utviding av arealet.
Det frie feltet
Tilhøva for folkemusikk, joik og folkedans som næring og næringsveg må styrkast gjennom gode insentivordningar, og heilårsarrangørleddet må styrkast gjennom målretta tilskotsordningar som er tilpassa tradisjonsmusikken. Vi meiner som ledd i arbeidet med å styrke det frie feltet generelt, og folkemusikk- og folkedansfeltet spesielt.
KONKRET TILTAK PÅ STATSBUDSJETTET FOR 2027:
- Norsk Kulturfond sine ordningar for Arrangørstøtte musikk, og Turne- og verksemdstilskot for musikarar, artistar, ensemble og band, må styrkast med 30 millionar kvar.
- Fraværet av opphavsrett/TONO-inntekter for folkemusikarar må kompenserast gjennom opprettinga av eit Fond for tradisjonsutøvarar.
Dei regionale sjangersentra
I stortingsmeldinga Kunstnarkår ser vi at regjeringa set fokus på dei regionale sjangersentra innan musikk og dans. Regjeringa viser her til at dei ulike sjangersentera og kompetansesentera innanfor musikk bidreg til å styrkje dei profesjonelle musikkmiljøa utanfor dei store byane. I tillegg ser ein at dei regionale sjangersentra er viktige kraftsentrum for samarbeid mellom det friviljuge feltet og det profesjonelle.
Per i dag er Folkemusikk Nord og Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans inne på Post 74, ilag med Fjelldansen, noko som er veldig bra! Folkemusikk Nord vart ikkje styrka i budsjettforliket for 26-budsjettet. Vi ser også at Sørnorsk folkemusikksenter er ein regional aktør som over mange år har arbeidd for ein stor region, og har klart å skapa stor aktivitet, mange konsertar, kursverksemd for barn -og unge.
I Vestland er det naturleg å sjå til Førdefestivalen og det folkemusikalske kraftsentrumet kring Voss og Hardanger. I Innlandet er det naturleg å sjå til Musikk Innlandet. Musikk Innlandet er allereie ein stabil og formidlande aktør i Innlandet, som på tvers av sjangrar både produserer og tek formidlingsansvar. Vi meiner at Musikk Innlandet få auke driftstilskotet på post 74 med ei øyremerking av delar av midlane til ei folkemusikk- og folkedanssatsing. Vi ynskjer eit møte med departementet der vi ser på løysingar for kva som er beste måten å arbeide fram desse sentra.
KONKRET TILTAK PÅ STATSBUDSJETTET FOR 2027:
- Sjangersenteret Folkemusikk Nord styrkast til eit driftstilskot på 1 million kroner, og Sørnorsk folkemusikksenter kjem inn på post 74 med eit driftstilskot på 1 million kroner.
- Musikk Innlandet får ein årleg øyremerka pott på 1 million til folkemusikk- og folkedanssatsing i Innlandet fylke.
Regionale kulturfond
Ordninga møter behovet for ei regionalt forankra finansieringsordning som koplar det frivillige og profesjonelle kulturlivet tettare saman. I dag er det vanskeleg å finne tilskot til prosjekt der profesjonelle og frivillige jobbar saman. Den offentlege finansieringa av kulturaktivitet er ofte avgrensa anten til offentlege aktørar, profesjonelle aktørar eller tilskotsordningar som blir reserverte for det frivillige feltet.
Vi er glade for at partia vart samde om at kuttet på regionale kulturfond vart fjerna, og at potten vart auka til 70 millionar. Men vi meiner framleis at potten burde vore større. For å sikre gode lokalsamfunn og eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet, meiner vi at det er behov for 175 mill. kroner til regionale kulturfond.
KONKRET TILTAK PÅ STATSBUDSJETTET FOR 2027:
- Det blir utarbeidd ein opptrappingsplan for perioden 2027–2029. Potten til regionale kulturfond aukast til 150 millioner kroner i 2027.
Med venleg helsing
Aslak Brimi – FolkOrg
Magni H. Flyum – Noregs Ungdomslag
Ane Carmen Roggen – Riksscenen
Tanja Holmen – Norsk senter for folkemusikk og folkedans

