Sidan 1991 har Hoven Droven folkrocka verda med rocka dansemusikk, og no etter 30 år som fast band er det duka for jubiléum, og det vert feira med nytt album - utgjeve på Grappa/Heilo, med plateslepp her på Riksscenen!

Hoven Droven er eit musikalsk vogntog som køyrer kryssar sjangergrenser utan teikn til å svinge eller bremse opp. I tilhengeren sit Kjell-Erik med fela si og spelar gamel og nye låtar i svensk tradisjonsmusikk, låtar som får nytt liv gjennom vrengte gitarar, rocketrommer, jazzsaksofon og stødig bass frå trekkvogna der resten av gubbane sit. Gjennom 30 år med konsertar har kvintetten frå Østersund fått publikum til å danse, headbange, hoppe og skrike frå scener over heile verda og inspirert mengder av band, som t.d. Gåte, med sine rocka tolkingar av låtar frå Jämtland og omegn. 

Certainly not the only Scandinavian folk rockers still standing, but probably the best - Alex Monaghan / Folkworld, 2012

Vel møtt til plateslepp med folkrockvetaranane frå broderfolket i aust, vitale veteranar som “are still going strong” etter tre tiår som sirkusdirektørar i folkrockmanesjen.

Kjell-Erik Eriksson – fele, Bo Lindberg – gitarar, Jens Comén – saksofon, Björn Höglund – trommer og perkusjon, Pedro Blom – bass