Trioen Hialøsa spelar musikk frå Skåne. Med påverknad frå lokale meisterar og med internasjonal inspirasjon i miksen, tek dei sikte på å sjå bak korleis tradisjonane tolkas i dag og leite etter noko nytt - noko som kanskje aldri har eksistert. Trioen definerer musikken sin som "Scanian very old pop", og byggjer dette på tradisjonelt musikkmateriale, musikalske fragment og songar, samt nye komposisjoner. Musikken drivast framover av song, tramping, intensive feler og ein groovy bass som formidlar instrumental musikk og songar om livet og døden, alltid energisk og alltid skiftande. 

 

Vel møtt til plateslepp med ny og spennande trio i den nordiske folkemusikkfamilien!

Alva Bosdottir – fele, vokal og tramping
Malte Zeberg –  kontrabass, vokal og tramping
Love Kjellsson – vokal, oktavfele og tramping

 

 

Etter konserten drar Jakob Folke Ossum i gang jam i kjelleren! Ta gjerne med eget instrument.