Dette nyskrive verket går difor rett inn i spenningsfeltet mellom tradisjon og samtid og har eit meditativt og utfordrande perspektiv på slåtteformer frå dalen. Ordet Andsyning kan ein finne att i gamle dialekter og kan bety å vise fram eller forekomst av noko frå motsatt horisont, tittelen handlar altså om at du som mottakar får eit innblikk i slåttespelet frå ein annan sin horisont.

Andsyning vart opprinneleg skrive som tingingsverket til Osafestivalen i 2020. Musikken er komponert for kvedar Malin Alander, felespelar, munnharpespelar og langeleikspelar Rasmus Kjorstad, bassist Adrian Myhr, perkusjonist Michaela Antalová og komponisten sjølv på hardingfele og song. 

 

Helga Myhr – hardingfele, vokal
Michaela Antalovà – perkusjon, seljefløyte
Malin Alander – vokal
Adrian Myhr – kontrabass
Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele, langeleik


Foto: Johannes Selvaag
Tingingsverket er støtta av Norsk Kulturråd og Furestiftelsen