Hans Martin Austestad er ein 36 år gamal nysgjerrigper, som har reist i hele Norges land på jakt etter eit godt svar på desse vanskeleg-lette spørsmåla. Er det noko me kan lage? Noko me har arva? Kor har me det frå? Er musikk noko me kan ta på, eller noko me kan høyre? Eller kanskje det er noko me kan kjøpe? Kva kan musikken gjere med oss? 

Hans Martin har funne ut ein ting: Svara kjem ikkje frå spørsmåla, men frå songane! Så velkomen ned til Klubbscena på LilleRIKSEN for å vere med på premiera på denne heilt flunkande nye framsyninga for born i alle aldrar. 

Austestad har vore nominera til Spellemannprisen heile tre gongar for sjølvskrivne album med Løkki og Earlybird Stringband. Djupt inspirera av folkeleg musikk er han opptatt av at tradisjon berre er halve sanninga på kva som gjer folkemusikk til folkemusikk. Den andre halvparten av sanninga er at kva som helst kan bli til ei låt. 

 

Hans Martin Austestad – vokal, diverse instrumenter

 

Konserten er produsert i samarbeid med Riksscenen.

 

 

 

Kjenner du han her? Dette er lille Riksen, ein liten tass som verkeleg er glad i barn og produksjonar for barn. Ser du han på produksjonen så kan du være sikker på at dette er ein oppleving for deg, og kanskje for hele familien? Du kan og følge oss på Instagram og på Facebook.