Garmarna er attende etter mange års dvale! Det særs populære folkbandet frå 90-talet har revitalisert seg og i november 2015 gav dei ut med plata “6”, 14 år etter den førre “Hildegard von Bingen” frå 2001. (dvs, dei gav ut debut-EP´n Garmarna frå 1993 på nytt med seks nye bonusspor i 2003)
Garmarna starta opp som trio i 1991 då karane Stefan Brisland-Ferner, Gotte Ringqvist og Rickard Westman, sterkt inspirerte av folkemusikk, byrja å spela saman. Etter eit år fekk dei med seg Jens Höglin på trommer og gav ut EP´n “Garmarna” året etter det att. Gjestevokalist på skiva var Emma Härdelin, som mange av oss kjenner frå gruppa Triakel. Ho vart teken opp som fast medlem i bandet grunna den ljose klare røysta som stod som ein kontrast til det mørke folkemusikkuniverset Garmarna stod for, og etter den tid har besetninga vore uendra.

Emma Härdelin - vokal, fele
Stefan Brisland-Ferner - fele, dreielire, munnharpe, viola
Jens Höglin - trommer, perkusjon
Gotte Ringqvist - gitar, fele, munnharpe
Rickard Westman - gitar, bass, bouzouki

 

Røine / Hulbækmo
Bak det relativt ukrypterte navnet “gøymer” duoen Anders Erik Røine og Hans Hulbækmo seg. Dei to multiinstrumentalistane har spelt saman i fleire ulike konstellasjona, mellom anna i filmmusikken Anders skreiv til stumfilmen “Kristine Valdresdatter” og verket “Tjonafant” av Erlend Skumsvoll.  Anders E. Røine er folkemusikkens multiinstrumentalist og instrumentutviklar nummer ein! Han er kanskje mest kjend frå duoen Sudan Dudan, men spelar også med Little Steven på filmmusikken til “Lilyhammer”, han medverkar på fleire av skivene til Odd Nordstoga og trakterer langeleik på joleplata til Tone Damli Aaberge for å nevne nokre få. I instrumentparken til Anders finn ein gitarar, langeleik, munnharper, banjo, mandolin, feler, hardingfeler og munnspel i tillegg til at han er ein habil vokalist. Hans Hulbækmo har blitt ein av landets mest nytta trommeslagarar dei seiste åra, og er fast medlem i band som Atomic der han tok over etter Paal Nilsen-Love, Broen og Moskus. Han er utdanna ved jazzlinja i Trondheim.

Anders Erik Røine - vokal, gitar, munnharpe, langeleik
Hans Hulbækmo - trommer, perkusjon, munnharpe