Riksscenen gjentek suksessen frå i vår med bygdedans og gamaldans i herleg symbiose med dansespel i båe salar nede i kjellaren. Det vert høve til å hive seg rundt på golvet til tonane av noko blant det beste landet har å bjode på av spel og dansespel!

Småviltlaget frå Røros feirar 25 år som gamaldansorkester i år! Som garantist for taktfast runddans og drivande pols sidan 1994 kjem jubilantane til Riksscenen, og me skal ta imot dei med åpne danseføter!

Gamlebanken spelemannslag slepper sin fyrste CD i år, og det hardtsvingande rundanslaget frå Sogn og Fjordane kjem til hovudstaden for å markere utgjevinga og for å spreie fabelaktig runddans frå vestlandsfjordane til folket her!

Ottar Kåsa frå Telemark er felemakar og hardingfelespelemann av ypperste klasse, noko fire sigra på Landskappleiken på eigne feler er prov på. Han er også reikna mellom dei aller beste dansespelemennene me har her i landet.

Mari Skeie Ljones frå Gudbrandsdalen har sidan 2010 virka som profesjonell felespelar med ein mengd ulike prosjekt og grupper. Til dansefesten kjem ho solo med springleik frå øvste hylle i feleskrinet!

Henning Andersen frå Valdres spelar både langeleik og er utdanna klokkenist, men det er fyrst og fremst som ein drivande god hardingfelespelemann me kjenner han. Kast deg ut i ein valdresspringar med spel av beste kvalitet!