Frigg har gjennom meir enn 20 år erobra folk- og verdsmusikkscena over heile verda, og no kjem dei attende til Riksscenen med ny musikk i bagasjen!
Frigg er eit band sett saman av sin generasjons fremste folkemusikarar i Finland, og musikalsk smeltar dei saman sine djupe nordiske røter med vestleg folkemusikk og bluegrass. Resultatet er Friggs heilt unike sound, som dei leikande har kalla Nordgrass, der fire feler, mandolin, cittern og kontrabass einast til ein viritous og energisk musikalsk oppleving.
Allereie i 2002 slepte Frigg sitt fyrste sjølvtitulerte album, og no i mai, over 20 år seinare kom “Perintö - Heritage” ut, studioalbum nummer ti i rekkja.
Vel møt til konsert med eit av dei største folkemusikkbanda i Norden på denne sida av årtusenet!
Tommi Asplund – fiolin
Alina Järvelä – fiolin
Tero Hyväluoma – fiolin
Esko Järvelä – fiolin
Petri Prauda – mandolin, cittern
Topi Korhonen – gitar
Juho Kivivuori – double bass