Trioen LAU oppsto rundt eit kjøkkenbord i Edinburgh i 2004 og har sidan den gong vunne alle prisar som finst for eit folkemusikkband i Skottland fleire gonger. Dei er av BBC-Scotland kåra til «Folk group of the year» tre år på rad og «Best live act of the year» fleire gonger. I tillegg har medlemmane i gruppa vunne prisar kvar for seg i bøtter og spann, med andre ord me får storfint besøk frå Skottland.

Trioen består av gitaristen Kris Drever frå Orknøyane som har vunne prisar som både songar og gitarist. Han spelar gitar med verdsnavn som Kate Rusby og Blazin fiddles og vann «Best Newcomer» for soloplata si «Black Water» under BBC folk awards i 2007.

Felespelaren og komponist Aidan O’Rourke frå Oban i Skottland er eit av landets aller største talent. Han vart kåra til «Instrumentalist of the Year» i 2006 under Scots Trad Music Awards og har alt medverka på over 80 plater. Han har arbeidd med m.a. jazzmusikaren Andy Sheppard og skreiv musikken til feiringa av Dalei Lama sitt besøk i Skottland.

Med trekkspelaren Martin Green frå nord-England er trioen komplett. Han spelar trekkespelet sitt i banda til folk som Eliza Carthy, Joan Baez, Linda Thompson og mange andre store namn i folkemusikkverda. Han vart nominert til «Musician Of The Year» under BBC 2008 Folk Awards og har sitt eige eksperimentelle band “Martin Green Machine” som gav ut debutplata si I 2009.

Kris Drever – Gitar,sang
Martin Green – Trekkspill
Aidan O’Rourke – Fele

 

Wunderkammer:


WUNDERKAMMER! 
Ein eklektisk sjangervelt mellom rock, folk og populærmusikk.
Dette legandariske rogalandsbandet Wunderkammer starta opp midt på 90-talet og gav ut fleire EPar og fullengdarar fra til 2003, då vart det stille. Men fortvil ikkje, ut av oska har Wunderkammer reist seg opp att og Pål Jackman kjem til hovudstaden for å spreie det glade bodskapet. Me er stolte av å kunne presentere Wunderkammer på Riksscenen! 

Gjertrud Økland - Fiolin
Johan Egdetveit - Trekkspill
John Lilja - Oud
Per Zanussi Bass
Børge Fjordheim - Trommer
Pål Jackman - Song