JPP - Grunnen til den finske sounden!

JPP (Järvelän pikkupelimannit, som tyder små folkemusikarar frå Järvelä) starta opp i 1982 i Finlands felehovudstad Kaustinen. Sidan den tid har JPP gjeve ut ni album, halde konsertar verda rundt og inspirert ein heil generasjon folkemusikarar i inn- og utland.

Medlemmane i JPP spelar musikk med røter attende til 1800-tale, men både spelar og vert inspirert av musikk frå andre sjangerar. Element frå jazz, samtidsmusikk og klassisk musikk snik seg inni komposisjonane og kombinasjonen av heile smeltedigelen vert JPP sitt heilt særeigne sound.

Mykje av musikken til JPP vert komponert av bandets leiar og grunnleggjar Arto Järvelä. Han ser til at alle som høyrer på vert sendt ut på ei reise i musikk utan grenser eller reglar, det finnest berre overraskingar! Konklusjonen vert då sjølvsagt at viss ein likar finsk musikk og overraskingar er det berre å koma på Bakkjens Basar på Riksscenen.

Vel møtt til 30-års jubileet til eit av Nordens aller største folkemusikkband!


Tommi Pyykönen - fele
Arto Järvelä - fele
Matti Mäkelä - fele
Mauno Järvelä - fele
Timo Alakotila - trøorgel
Antti Järvelä - kontrabass