Tidligere i år ga Aasmund Nordstoga ut si 4. plate: ”Guten”. Dette er ei plate med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg. Kritikarar og publikum har gjeve plata svært gode anmeldingar og mottakingar! 

Aasmund seier sjølv om prosjektet:
”2013 er det nasjonale Språkåret som markerer 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Aasmund Olavsson Vinje var den fyrste til å bruke Aasens landsmål til både lyrikk og sakprosa. Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne "Edvard Grieg tonesette mange av Vinjes dikt, og dei er kjende som Griegs fremste romansar. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet, slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekster på mange måtar framstår meir moderne. Konserten presenterer Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist"

"Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Min intensjon er å ta han heim att til Plassen i Vinje.”

 

Aasmund Nordstoga – sang
John Vinge – tangentinstrument
Daniel Sandén-Warg – feler
Åsmund Reistad - mandola og gitar
Anders Aaseboe - lyd