Sjøsprøyt og Rom på Basar

Bakkjens Basar sparkar i gang sesongen med to ramsalte band frå vest og nord; Storm Weather Shanty Choir og Senjahopen som til trass for mengder av fellestrekk delar scene for fyrste gong!
02

Storm Weather Shanty Choir

Storm Weather Shanty Choir Storm Weather Shanty Choir kjem med rykande fersk CD i kofferten til hovudstaden. Deira femte fullengder «A drop of Nelsons Blood» har blitt godt motteke av presse og publikum og herjar i skrivande stund på toppen av listene til iTunes. Dei seks karane frå Stord og omegn har halde det gåande med sin rocka framføring av gamle shantyar sidan år 2000 og er omtalt som eit av dei beste livebanda her i landet. Frontmann og sjøulk Håkon Steinar Vatle gjev seg ikkje før alle i salen er med på refrenga og det er renska for stolar i salen – skal ein synge skikkeleg skal ein stå!

Håkon Vatle - forsongar
Ronny Sætre - baryton
Rune Nesse - bass
Vidar Vedå - bass
Roald Kaldestad - lyrisk tenor

02

Senjahopen

Senjahopen «Senja«føkking»hopen ruler» -Slik åpna Anders Grønneberg omtala si av Senjahopens seinaste album «Tåra, Pess og Blod», og fortset: «Det mest sprudlende, ærligste, frekkeste og deiligste norskspråklige albumet jeg har hørt på lenge». Plata er spekka med ramsalt, humoristisk,folkelig rock ispedd vindskeiv country, der ein i tillegg vert invitert inn til duett med Ida Marie, rapping med Joddski og brørne Haugen frå Hellbillies som gjev låta «Fønix» sin klare signatur. Gjengen i Senjahopen har bakgrunn frå band som Delaware, Dead Sheriff, Farout Fishing, Cpt. Not Responsible, Joddski, Norsk Pitbullsanatorium, Valentinerne, Valentourettes og St.Thomas m.fl og har eit voldsomt liverykte å leva opp til, noko me får prov på 1. februar 2013.

Henrik Sandnes - vokal og gitar
Kent Remi Gabrielsen - trommer
Petter Pogo - gitar
Marius Lerskallen - tangenter
Thomas Hough - bass