Fränder

som har medlemmer frå Sverige og Estland, spelar tradisjonsmusikk frå sine respektive land med ein moderne vri. Dei fem medlemmene flettar inn forførerisk vokal inn i eit særeige musikalsk landskap fullt av gamle soger, sjarm og humor. Sidan oppstarten i 2015 har Fränder gjeve ut eit kritikerrost album og turnért verda rundt.   

Natasja Dluzewska – vocals, fiddle, Säde Tatar – flute, vocals, Gabbi Dluzewski – string instruments, vocals, Daniel Dluzewski – bass, vocals, Andreas Berglund - trommer

 

 

 

 

Sutari

 

Tre polske songarar,  og instrumentalistar utgjer trioen Sutari. Basia Songin, Kasia Kapela og Zosia Zembrzuska kjem frå ulike musikk- og teaterbakgrunn, men dei held seg lojale mot den polske tradisjonsmusikken som basis for uttrykket deira. Med eit feministisk bakteppe der dei ser på verda frå ein kvinneleg ståstad, syng dei oss gjennom ei reise der ulike former for kjærleik, lengt, frykt, uavhengighet og kampen for eigen sjølvvørdnad står sentralt.

Basia Songin - vokal, bass, perk, Kasia Kapela - vokal, fele, Zosia Zembrzuska - vokal, perkusjon, fele