To dansarar, to musikarar og ein glødande dings byr opp til asteroidedans i eit univers av små sårbare planetar. Her er det tonar fra elektriske skogar som skaper rørsle , og dansen til himmellekamar som lagar lys. Bli med på ei utforskande forteljing i musikk og dans.
 

Shelmith Øseth - dans
Nichola G. Stephen - dans
Eiliv A. M. Ribe - strengar og song
Øystein Fjeldbo - live electronics

Silje Onstad Hålien - regi

Produksjonen er laga som eit samarbeid mellom Riksscenen og Samspill International Music Network sitt prosjekt Baluba og utøvarane har fått rettleiing av dansar og koreograf Silje Onstad Hålien.